torsdag 26. mai 2011

Kulturposjektet Kaninbyen

Den norske forfattaren Arild Rein har skrevet boka Kaninbyen som er den tredje boka frå Stavangertriologien.
Stavangertriologien er ein triologi som inneheld kaninbyen, grisekoret og hundedagane.
Han er fødd 17. mars 1960 i Stavanger og boka er utgjeve av Det Norske Samlaget. 

I romanen får me møta Jonny Roxmann, ein mann som nettopp har fått sparken frå jobben sin i politiet. Han fikk sparken fordi han leigde ut leilegheita si til hallikar og prostituerte.  
Mesteparten av handlinga forgår i kolonihagen og rundt omkring på verkelege stadar i Stavanger.

Jonny er desperat etter pengar og sidan det er sommar og den årlige Gladmatfestivalen forgår i Stavanger bestemm han seg for å selja bakte potetar.
Han får med seg ein “venn” som heitar Henry, men som han kallar Puddelen.
Jonny lev av å svindla forsikringane og å stele det mest nødvendige. Dette gjer han ved å stele mat frå den lokale matbutikken fordi han treng ingrediensar til dei bakte potetane.
Etter at Gladmatfestivalen er over tar Jonny og dumpar potetvogna si for å få pengar for den.
Sjølve handlinga i boka går ut på kor mye Jonny Roxmann hatar Stavanger, både kulturen, sjølve byen, men også personene som kjem frå byen.
Grunnen til at Jonny hatar Stavanger er fordi


Han er ein veldig negativ person som eg følar i boka ikkje er fornøgd med livet sitt, men i staden for å gjera noko med det så klagar han på alt som han ikkje likar og er einig med kva andre personar meine og følar.
Når du les boka blir du meir og meir lei av korleis hovudpersonen oppfør seg og alle dei meiningane han har som ikkje er realistiske, men som meir er der for å lage kvalm.
Sjølv om personar som Jonny finnes ute i verda så trur eg ikkje at dei er så misfornøgde med alt som forgår rundt dei.
 
Etter mi meining så blir boka veldig lett kjedeleg, og dette skulder den konstante banninga og usakleg innhald i boka kvar mesteparten ikkje gjer noko meining.
Eg anbefal ikkje boka til nokon. Det einaste dei kan oppnå med å lese boka er å irritera seg over alt det negative som bler sagt om Stavanger og menneska som bur der.

Kjelder:
Rein, Arild 2004, Kaninbyen, Det Norske Samlaget, Oslo 2008
Wikepedia, Arild Rein (forfattar), lokalisert 18 mars 2011, 12.15
http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein
Stavanger-kulturhus, Kaninbyen (bilde), lokalisert 25 mars 2011, 12.18
http://www.stavanger-kulturhus.no/soelvberget/arkiv/gjestfrihetens_kunster/hele_byen_leser/hele_byen_leser_kaninbyen

søndag 22. mai 2011